Gode draumar

På garden vår har me fem soverom med ulike fargepalettar. Alle romma er namngjeve etter ulike stadar på Stolmen. Fire av desse romma har eigne delikate bad, komplette med mjuke badekåper, ei kaffimaskin og ein herleg sitjekrok. Her kan du nyta frukosten, eller ei stille stund med ein kopp varm drikke. Alt for å skjemma deg vekk slik du fortener. Det eine rommet er eit herleg familierom med fire sengeplassar, utstyrt med ei komfortabel dobbeltseng og to gode sovestolar. I tillegg har me to rom utan eigne bad, men dei er likevel like komfortable og innbydande. Eit av desse romma fungerer òg som ei triveleg stove. Ein perfekt stad for ungdommar, eller litt eigentid.

Sjå våre rom

Bu i glashyttene

Sjå på stjernehimmelen før du legg deg til å sova. I glashyttene våre får du deg ei heilt spesiell overnatting. Her er du i eitt med naturen. Himmelen på Stolmen er heilt unik, då stjernebileta er ekstra synlege her ute i havgapet. Ruskar vinder og regnet, er det òg eit vakkert syn ut glaset. Legg deg ned i ei god og varm seng og nyt utsikta.

Bestill ditt opphald

Opphaldsrom

Vi har fleire opphaldsrom i huset der du kan slappe av. I andre etasje finn du eit ekstra rom med ein komfortabel sovesofa. Dette rommet kan òg nyttast som ei triveleg stue, perfekt for ungdomane eller for dei som vil ha litt tid for seg sjølve. I første etasje er bestestova med gode sofaer, stolar og TV. Her har me òg ein koseleg leikekrok for dei minste.

“Lengst vest i havet av 667 øyar og skjær i Austevoll, er Stolmen ein stad der måsene snakkar engelsk og lufta smakar av sjø.”

- Stangeland Gard