Kvalvågen

Rommet i nord vender mot den gamle handelsstaden på øya, og det er kledd i ein nydeleg okerfarge. I Kvalvågen kan du rusla blant gamle hus som tidlegare var brennevinsbuer, fiskemottak, notbøteri og butikkar. Her kom dampskipa inn til øya for å levera og henta varer. Det var ikkje uvanleg at skip som skulle til England, kom innom for å henta blant anna hummar som vart fiska her på øya. Den dag i dag vert hummaren frå Stolmen nytta i dei finaste gourmetrettane hos Mirabell by Ørjan Johannesen. I Kvalvågen finn du òg den vakraste kyrkja i heile Austevoll. 


Sjå våre andre rom