Garden er meir enn ein stad å bu - det er ein stad å oppleva!

Forteljinga om oss

Bak Stangeland Gard ligg ei historie som er like rik som den er fasinerande. Staden har djupe røter som strekkjer seg tilbake til 1500-talet, då garden var eit kongsgods. Etter kvart vart bruket eigd av ein velståande nederlandsk familie, som òg eigde ei anna handelsøy i Austevoll. På 1830-talet var garden eit av seks bruk, og Stangeland Gard var rangert som nummer tre i rekkja. Hovudhuset vart reist av Rasmus Stangeland i 1912 og seinare påbygd i 1938, då familien fekk i land eit stort sildekast av stor verdi. Gjennom åra har garden vore nytta til ulike føremål. I 2010 fekk den ei omfattande forvandling, då Oddvar Stangeland totalrenoverte garden. Han bygde nærast bruket opp att på nytt. Under Oddvar vart garden nytta til avlasting, og bruket fungerte òg som ein gjestegard i form av overnattingsmoglegheiter og utleige av selskapslokale. 

Familien Njåstad, dagens eigarar, overtok drifta i 2023 og ynskjer å skapa ein fristad og ein møtestad, der både besøkjande og lokalbefolkninga kan bli ein del av øylivet. Deira engasjement for å ta vare på staden og naturen rundt, er tydeleg i alt dei gjer. Familien, fire sysken med ektefellar og born, fører vidare arven etter far deira, ein fiskebåtreiar. Sjølv om faren fall ifrå i 2023, er mor i full sving med diverse syslar, og ho set sitt eige spesielle preg på garden.

Historia vår handlar ikkje berre om jord og bygningar, men om menneska bak - menneske med ein visjon om å skapa noko med meining, og som eit positivt tilskot for alle som besøkjer og deltek i livet på garden. Å vera raus, engasjement og kjærleiken til staden er kjerneverdiar som gjer denne garden unik og inspirerande.

Stolmen, øya der garden ligg, er ei kontrastfylt perle. Lengst vest i havet, ytst av 667 øyar, holmar og skjer i Austevoll, er Stolmen ein stad der måkane snakkar engelsk, og lufta smakar av sjø. Namnet "Stolmen" har vore sagt kjem av ordet "stålmenn", noko som speglar det robuste klimaet og miljøet på øya.

Lokalsamfunnet er varmt og stolt av øya si, og hennar historie gjer øya til ein innhaldsrikt og historisk stad. Velkomen til Stangeland Gard på Stolmen - ein stad du ikkje berre bur, men opplever.

Sjekk ut, Kos deg og Opplev!

På Stangeland Gard er det ikkje kun stille og roleg - her finn du ein mengde spennande aktivitetar som passar for alle. Utforsk dei vakre omgivnadene på ein guida fisketur, eller bli med på ein adrenalinfylt havørnsafari. Etterpå kan du trekkja deg tilbake til den fortryllande puben vår, og nyta ein koseleg kveld med god musikk og gode samtalar. Med nærleiken til Bergen og fjordane, kan du òg ta del i den unike "Norway in a Nutshell"-turen og oppleva dei fantastiske fjordane på nært hald. Om du føretrekkjer ein dag på sjøen, kan du leiga båt og utforska kysten på eige hand. Uansett kva du vel, er det alltid noko å finne på her på Stangeland Gard!

Maten er ein like sentral del av opplevinga vår som aktivitetane. Frukost er eit høgdepunkt, der du kan nyta ferske lokale råvarer som frukt, bær og egg, i tillegg til nysteikte rundstykke etter mor si gamle oppskrift. Me legg stor vekt på å nytta lokale produkt for å sikra kvalitet i alle måltid. Om du ynskjer, kan du nyta frukosten i etestova vår, eller me kan levera den på rommet ditt i ei herleg frukostkorg. Ved fint vêr kan du til og med nyta frukosten i drivhuset, eller i hagen. Når det gjeld lunsj og middag, gjer me det enkelt for deg å nyta smakfulle rettar. Me tilbyr smørbrød, ostefat, bakverk og lekre kaker. I tillegg kan du bestilla middag frå lokale etestedar gjennom oss, som Bekkjarvik Gjestgiveri eller Joker Stolmen. For ei ekstraordinær matoppleving, kan du òg booka bord på Mirabelle by Ørjan Johannessen i Bekkjarvik, der verdas beste kokk held til. Me kan bringa og henta deg til denne gastronomiske opplevinga, slik at du kan nyta ein ugløymeleg kveld utan bekymringar.

“Me gler oss til å sjå deg!”

- Stangeland Gard