Du ska ikkje gå svolten


Du skal ikkje gå svolten. Frukost er eit særskilt høgdepunkt her på garden med eit rikt utval av lokale råvarer som frukt, bær og ferske egg. På frukostbordet kan ein òg finna nysteikte rundstykke etter mor si gamle oppskrift.

Me legg vekt på å nytta lokale produkt for å sikra både friske råvarer og kvalitet i alle måltid. Servering får du anten i etestova vår, eller levert på rommet i vår herlege frukostkorg. Ved fint vêr, kan du òg nyta måltidet i drivhuset eller på ein benk i hagen. Til lunsj tilbyr me å laga ei piknikkorg, som du kan ta med deg på tur. Utforsk vakre Stolmen med eit godt måltid. I sesong kan me gjera klar ei korg med eit herleg utval av rettar som du kan leggja på grillen.

Dagane gardsbutikken er open, kan du handla smakfulle lunsjrettar i butikken. Reiser du i eit større reisefølgje, kan me bestilla mat frå Bekkjarvik Gjestgiveri, eller pizza frå Steinar hos Joker Stolmen. Me tek oss av å henta maten for deg, slik at du kan nyta den her på garden.

For ei ekstraordinær matoppleving, kan du òg bestille bord på Mirabelle by Ørjan Johannessen i Bekkjarvik, der verdas beste kokk held til. Me kan bringa og henta deg til denne gastronomiske opplevinga, slik at du kan nyta ein uforgløymeleg kveld utan bekymringar.