Rørsle og glede

  • Gardsbutikken

    Gardsbutikken vår opnar på seinsommaren. Her kan du kjøpa kortreiste skattar, anten til glede for ganen eller for augo. Kombiner ein passeleg tur til Globen, eller lengre tur i Nordsjøløypa, med ein herleg kopp kaffi og noko godt å bita i. Følg med på opningstidene i kalenderen under. Sjå nokre av produkta våre.

  • Badekroken

    Me har fått ein badestamp på tunet. Her kan du nyta sola og godt selskap frå morgon til kveld, både med og utan noko godt i glaset. Ta på deg badekåpa og rusl ned til badekroken. Stampen kan ein leiga som gjest på tunet, eller om ein ynskjer å nytta stampen for eit hyggjeleg privat lag.

  • Sykkel utleige

    Opplev Stolmen frå sykkelsetet. Me har to flotte elsyklar til leige. Sykl deg ein tur til Steinar på butikken, og kjøp deg ein is. Ta turen ned i Stolmavågen og prøv ut våre doble kajakkar. Kanskje du ynskjer å prøva fiskelukka frå berga? Me leiger deg utstyret. Gjer ein førespurnad.

  • Kajakk

    Vi tilbyr utleige av kajakk, berre 15 minuttar gange frå garden. På Stolmen kan du padle gjennom vakre sund og mellom små øyar, med spektakulær utsikt over havet. Utforsk stille viker eller utfordre deg sjølv langs den opne kystlinja – naturen i Austevoll gjer padleturen uforgløymeleg

  • På puben

    Garden har ein sjarmerande pub der alt ligg til rette for ein hyggeleg kveld. Med eit breitt utval av lokale drikkevarer og god musikk i bakgrunnen, er dette den perfekte staden å nyta gode samtalar og skape uforgløymelege minne. Puben opnar dørene sine om lag 1-2 gongar kvar månad. Puben kan òg leigast ved private tilstellingar, som bryllaup, bursdagar og andre hyggjelege lag. I puben er det plass til om lag tretti personar inne, samt tretti personar i vinterhagen. Nyt eit forfriskande glas med noko godt i i bakhagen vår, vår nye uteservering.

  • Turar

    Turløyper rundt i kommunen gjev deg moglegheita til å utforska dei varierte landskapa, og å oppdaga alt Austevoll har å by på.

    Globen på Stolmen er eit historisk minnesmerke frå andre verdskrig. Perfekt for familieturar, med ein kort sti som fører opp til eit monument. Her kan du oppleva og utforska bunkerar og restane av et tysk radaranlegg, eller ta ein tur i den vakre Nordsjøløypa. Utforminga av plankestien gjer det mogleg å nytta rullestol, samt trilla barnevogner heilt til topps.

    Loddo-toppen i Austevoll er ein populært tursti med flott utsikt og avslappande atmosfære. Stien tek deg til dagsturhytta «Aldesti», ein herleg stad for piknik. Det er gode parkeringsmoglegheiter i botn av stien. «Loddo» ligg om lag femten minutt frå garden med bil.

    Utforsk Kongskleiva, ein spennande sti med trapper laga av sherpaar lokalisert i Bekkjarvik. Prøv å utfordra rekorden til toppen! Kongskleiva ligg om lag ti minutt frå garden med bil.

    Vinnesvatnet tilbyr ein avslappande spasertur rundt eit vatn med vakker skogkledd kystnatur. Langs løypa ligg det eit lite tjern med ei unik flytande øy i midten. Kos deg på stranda, eller ta ei pause på benkane langs ruta.

  • Guida fisketur

    Bestill ein guida fisketur. Sjølivet i denne øykommunen er rikt på historie og tradisjonar. Ein guida fisketur er ikkje kun ein sjanse til å få med seg fersk fangst heim, men òg ei unik mogelegheit til å læra om det lokale kystlivet frå erfarne fiskarar som deler sin kunnskap og lidenskap for havet. Under denne opplevinga kan du høyra forteljingar om gamle fiskestedar og sjømannsliv, og sjå det vakre kystlandskapet frå eit nytt perspektiv.

  • Havørnsafari

    For dei som søkjer unike naturopplevingar, kan du delta på ein havørnsafari. Ein havørnsafari er ikkje kun ei unik oppleving for naturelskarar, men òg ein glimrande sjanse til å læra meir om desse imponerande rovfuglane og deira økosystem. Med erfarne guidar ved di side, vil du få eit nært møte med naturen, og kanskje til og med få sjansen til å fanga dei magiske augneblikka på kamera. Utforsk det vakre landskapet rundt Stangeland Gard.

  • Padeltennis

    Er du klar for å sveitta litt med eit slag padeltennis? På skulen, ein fem minuttar lang spasertur frå garden, kan du booka deg tid til eit slag padel. Leiga av bana i ein time inkluderer racketar. Ledige timar finn du her.

  • Leige båt

    Hos oss er det mogleg å leiga båt, så lenge ein av dykk har gyldig båtførarbevis. Med ein båt til dykkar disposisjon, kan du ta deg tid til å utforska avsidesliggjande bukter, fiska på favorittstadar, eller cruise langs kysten og nyta den spektakulære utsikta. Uansett kva du vel å gjera, er ein dag på sjøen ein dag fylt med eventyr og oppdagingar. Fiskeutstyr og redningsvestar kan du leiga hos oss på garden.

  • Utforsk Austevoll

    Nyt det beste av denne sjarmerande øykommunen. I Bekkjarvik møter du ei gjestehamn som ynskjer deg velkomen til det maritime livet med hotell, butikkar, rosehage og idylliske badeplassar. Her kan du nyta roa og skjønnheita til sjøs.

    Møkster er ei anna perle, med Havnechefen Møkster Restaurant som gjev deg herlege matopplevingar. I området kan du òg vitja den unike geoparken, Geopark Sunnhordaland, med UNESCO-status.

    Storebø, kommunesenteret, lokkar med eit nytt innandørs badeanlegg for dei som ynskjer ein forfriskande dukkert, samstundes som det er ein stad for shopping og lokal atmosfære.

    Ein må ikkje gløyma Bakkasundet og Olaskjæret. Ein holme som byr på autentiske smakar frå kystlivet i Austevoll samt fart og spenning i form av forfriskande aktivitetar i og nær sjøen.

  • «Norway in a Nutshell»

    Plasseringa vår, tett på Bergen og fjordane, opnar for ei unik moglegheit til å utforska dei naturskjønne perlene i området. For ei ugløymeleg oppleving, vil me gjerne anbefala å setja av tid til den ikoniske "Norway in a Nutshell"-turen. Turen tek deg frå Bergen og inn i dei majestetiske fjordane i Sogn, Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Denne rundturen gjev deg eit vakkert glimt av det norske fjord- og fjellandskapet. For meir informasjon og bestilling av billettar, trykk her.

Ting som skjer